top of page

Aktivitetar

Her kan du sjå dei ulike tilbuda våre

Svømmetrener med studenter

Skolesymjing

Skulesymjing føregår både i terapi og hovedbassenget. Ein kan bade i same basseng medan skulesymjinga pågår så lenge ein ikkje forstyrrar og kan holde god avstand. Det er alltid 2 symjebaner i hovedbassenget som kan nyttast av våre gjestar. Følg med på vår aktivitetsplan for å sjå når vi har skolesymjing.

Vanntrim til musikk

Vatn gir eit behagelig og skånsomt treningsmiljø som passer for dei aller fleste. Vi har bassengtrening til musikk onsdagar og fredagar frå kl. 11:00 -12:00 og torsdagar frå 19:00-20:00. Våre dyktige instruktørar er Magny, Brit Helga og Linda. For å delta treng du ikkje melde deg på.

Aerobic Class in Pool
Aerobic Class in Pool

Vanntrim utan musikk

Vi har vanntrim utan musikk måndagar kl.15:15-16:15, samt utan om opningstid ons-og fredagar frå kl. 09:00-10:00. Dette er ein roleg vanntrim med fokus på å styrke kroppen. For å delta treng du ikkje melde deg på.

Kurs

Vi tilbyr forskjellige kurs frå 3mnd - 8 år.

Dei går over 10 gongar og vi køyrer kursa periodisk i løpet av året. Alle kursa våre for born  er saman med foresatt i vatn.

Jenter som svømmer under vann
Kvinne som svømmer i bassenget

Symjerettleiing

Ynskjer du å finpusse symjeteknikken din!  Eller kanskje du aldri lærte å symje? Havhesten tilbyr symjerettleiing som blir skreddersydd etter dine behov. Symjerettleiing eignar seg for vaksne og born enten ein er nybegynnarar og eller meir vidarekommen. 

Treningsrettleiing

Vi kan tilby treningsrettleiing på vårt treningsrom.

Om du vil nytte dette tilbodet kan du ta kontakt i resepsjonen så set vi deg opp på ynskja time. Innføring i treningsteknikk, belastning samt repetisjonar får du av rettleiar. Du vil etter timen også få tildelt eit treningsprogram som passar dine behov.

kettlebell
Spinning Class
Spinning Class

Spinning

Vi har spinningstimar fem dagar i veka. Moderat kondisjons- og styrkeøkt med enkel koreografi. Passar for folk flest, også dei som ikkje har trent tidligare eller ikkje har trent på ein stund. Timane varer i 45 eller 35 minutt. For at timen skal bli køyrd må det vere minimum 3 påmelde.

bottom of page