top of page

BURSDAG

Å feire bursdag i Havhesten er populært. Kjekt for barn, enkelt for foreldre.
Velkommen til hyggelege opplevingar og mykje moro i Havhesten! 

Informasjon

Vi tilbyr badebursdag onsdag og fredagar frå 17:00-19:00. Det er sett av 30 min til mat, deretter 1.5 time til bading. Det er høve til å ta med bursdagskake. Ein må kjøpe 1 drikke eller 1 matvare til kvar deltakar på Havhesten.

Vanleg inngangspris, men 20% rabatt om bursdagsfølgjet har over 10 deltakarar som ikkje har årskort.

PoolPartyDecoration2.jpg
_DSC3186.jpg

Før booking

Badebursdag må reserverast på førehand.
Kapasitet: Opp til 16 personar.
Tilgjengelige tidspunkt: 17:00-19:00, onsdag og fredagar.

Vaksne må vere tilstade under bursdagen.
Er deltakarane under 10 år treng ein minimum 1 vaksen per 4 barn. Dei vaksne må då vere i vatnet saman med barna.
Er deltakarane over 10 år og symjedyktige er det minimum 2 vaksne tilstade. Dei vaksne kan då velje å vere på land eller i vatnet.

Reglar i hallen vil bli gjennomgått før bading.

For å booke, send ein e-post til kundeservice@havhesten.no

bottom of page