top of page

Fasilitet og basseng

Garderobe & dusj

Vi har romslege garderobar til både damer og herrar. Knytta til kvar garderobe er eit romsleg dusjom med oppheng og lagringsplass for handklede og såpe. Om ein er over 16 år eller saman med ein vaksen kan ein nytte seg av badstua lokalisert i dusjrommet. I tillegg har vi 3 flotte universielt utforma garderobar tilrettelagt med eige dusj og toalett. U.U. garderobane har òg eigen inngang til symjehallen.

Resepsjon

I resepsjonen kan ein kjøpe billettar, symjerekvisita, og kioskvarer. Vi har ein koseleg café med god sitteplass. I resepsjonen kan ein registrere medlemskortet sitt automatisk for å unngå kø. Badevertane våre er tilgjengelege om ein treng hjelp eller har spørsmål.

Pool Safety Rules

Basseng

I havhesten har vi hovedbasseng, terapibasseng og et plaskebasseng for små born. 

Hovedbassenget er 25m lang og ca. 4m djupt. Det er 28 grader i vatnet og er tilknytta et stupetårn med mulighet å hoppe frå 1, 3 og 5 meter.

​

Terapibassenget er 12,5m langt og ca. 1.5m djupt. Det er 33 grader i vatnet og er utstyrt med ein boblebenk som slår seg på med jevne mellomrom.

​

Plasken er reservert for små born og deira foresatte. Det er 33 grader i vatnet og vi har ein soppefontene som slår seg på med jevne mellomrom.

Trimrom

Havhesten har eit treningsrom med topp moderne utstyr som bidreg til effektiv og god trening. Alle over 16 år er velkomne til å nytte seg av treningstilbodet vårt - enten du har trent i åresvis eller aldri har løfta ei vektstang før. Vi har òg eit eige rom for spinning, og tilbyr spinningstimer 6 dagar i veka.

Pool Safety Rules

Konferanserom

  • Vi har eit nytt og topp moderne konferanserom utstyrt med hi-tech langbord, ein stor skjerm for presentasjonar og eit kjøkkenhjørne.

    ​Vi leiger ut konferanserommet vårt for 1000kr per time. Ta kontakt med resepsjonen eller send oss ein e-post på kundeservice@havhesten.no for meir informasjon.

Diverse

  • Vi har 2 unisex toalett lokalisert utanfor garderobane.

  • Vi har eigen inngang for skulesymjing. Der kan ein setja ifrå seg sko og jakke.

  • Vi har eigen inngang til universielt utforma garderobar og svømmehallen.

  • Vi har òg ein heis som går til treningsrommet.

bottom of page